mandag 6. august 2012

Kalkmaling "Fresco Pure and Original" på soverommet

Jippi! Det kvite soverommet har fått seg eit strøk "Slate Gray", og er eit steg nærmare å verte ei lita lun, eksklusiv mørk "hole" :)

pure and original, fresco, kalkmaling, slate gray
Kalkmaling/ betongmaling frå Pure and Original Fresco i fargen Slate Gray. Rund lysekrone fra Living
Det fine med denne malinga er at den er 100% naturleg, basert på leire og naturlege fargepigment. Fint for meg som for hovudverk og vert kvalm berre eg ser på eit "vanleg" malingsspann. Den vart enklare å male med med 1/10 vatn.

Planen er å male på slike: 

Bilete frå Cutting edge stencils



Stensilen er bestilt frå Cutting edge stencils og på veg i posten. Nokre blomar vert svarte, andre i sølv og kanskje nokre i gull (besluttningsangst!). Gler meg! 
Stencilar er utskorne plastark som ein legg på veggen og malar på med rull. Eit rimelig alternativ til tapet, og eg trur det vert knallbra. "Folkart" akrylmaling er den anbefalte malinga frå stensilprodusenten, og den sel dei hos Hotcraft. Kjøper ein seks flasker eller mindre får ein rimeligast frakt.  

2 kommentarer:

  1. Oioioi! stilig vegg! og sengegavl!
    nydelig soverom:)
    takk for at du tittet innom meg!
    steinbitfotografiet er kjøpt i lofoten, på engelskmannsbrygga, fotografen er john stenersen, og ramma er laget av en lofotværing:)
    ønsker deg ei fin uke:)
    klem nina

    SvarSlett
  2. Tusen takk!
    ..eg kjem innom bloggen din seinare og, for der var det mykje godt for augene :)

    SvarSlett

Kjekt om du vil legge igjen eit spor :)